"Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv og ein innovativ offentleg sektor" står det i fylkesplanen.
Fylkeskommunen kan gi tilskot til utviklingsprosjekt som bidrar til det. Siste fredagen i april får du som blir med på Næringsnettverk Møre og Romsdal høyre meir om kva vi kan gi tilskot til, og kva som krevst for å søke.
Klikk her for å delta (Teams)
På programmet
- Kort intro om prioriteringar, fristar, saksbehandling osv. - Eivind Vartdal Ryste
- Vassmiljøtiltak - Håkon Slutaas
- Forprosjekt nye utdanningstilbod og og tilskot til studiesenter - Øyvind Tveten
- Grøn omstilling og berekraftig verdiskaping - Martin Ose
- Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket - Kirsti Hjelme Connor
- FoU-prosjekt i bedrifter - Øyvind Herse
- Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond - Lisbeth Nervik
- Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn - Eivind Vartdal Ryste
Som vanleg blir det mogleg å stille spørsmål i chat undervegs.
Velkomen til det som kan bli ein lønsam halvtime!