I samarbeid med Flux inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til eit praksisnært og erfaringsbasert kurs om dialog. Kurset er forankra i biblioteket sitt samfunnsoppdrag som uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Kurset kombinerer praktiske øvingar med refleksjon, og er tett knytt til kvardagen i bibliotek. Målgruppa for kurset er tilsette i bibliotek. Det kan også passe for tilsette i institusjonar og organisasjonar som samarbeider med biblioteka, som museum. Ta gjerne kontakt dersom du er usikker på om kurset er relevant for deg.
NB! Dialogisk metode er aktuelt både om du jobbar éin til éin, og om du jobbar med grupper.
Mål
- Å styrke deltakarane sin dialogkompetanse og tryggleik i rolla som tilretteleggjar for samtale
- Å styrke biblioteka som arena for samtale og debatt, gjennom å kurse samtaleleiarar i heile fylket
Praktisk informasjon
Kurset er organisert i to modular à to dagar, med fysisk oppmøte:
- Første modul: 14.–15. september 2026
- Andre modul: 27.–28. oktober 2026
Mellom dei fysiske samlingane skal deltakarane planlegge og gjennomføre eit eige dialogbasert arrangement i sitt eige bibliotek.
Dette arrangementet skal ha psykisk helse som tema, og vi sett det i samanheng med psykisk helse‑månaden i oktober. Målet med opplegget er å få prøvd ut det ein har lært i kurset, og ta med erfaringane vidare inn i modul to.
Vi vil også søke om eksterne midler for å få inn ein aktuell aktør innan psykisk helse til ein eller to turnear knytt til samtale/dialog-arrangementa. Dette vil vere forbeholdt bibliotek med deltakarar på kurset.
Pris
Kurset er gratis for bibliotektilsette.
For eksterne samarbeidspartnarar er prisen kr 2000.
Merk: Møre og Romsdal fylkeskommune dekker ikkje overnatting.
Påmelding