Seminar om steinkyrkjeruinane på Søre Sunnmøre

  • Hending

Seminar om steinkyrkjeruinane på Søre Sunnmøre

Dato

Onsdag 3. juni 2026

Tidspunkt

kl. 08.45 - 15.30

Stad

Runde miljøsenter

2.–3. juni 2026 inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til seminar om steinkyrkjene på Ulstein og i Herøy. Seminaret går føre seg på Runde miljøsenter, og samlar eit breitt spekter av fagfolk med ekspertise innan kulturminne, arkeologi, historie og landskap.

Første dag er sett av til ekskursjonar til dei aktuelle lokalitetane. Deltakarane besøker mellom anna Ulstein gamle kyrkjestad og Herøy gard, der det blir omvisingar og fagleg formidling. Det vil også vere innsikt i pågåande arbeid, som marinarkeologiske registreringar knytt til området. 

Andre dag er ein rein seminardag på Runde miljøsenter, med ei rekkje faglege innlegg. Tema spenner frå historiske analysar og arkeologiske funn til landskap, stadnamn, eigedomsforhold og geologiske undersøkingar. Denne dagen vil vere ope for alle.

Seminaret legg opp til både fagleg påfyll og diskusjonar på tvers av fagmiljø. 

Program onsdag 3. juni

Tid Program/Foredragshaldar
08:45
Introduksjon til dagens program. Arve Eiken Nytun, Møre og Romsdal fylkeskommune
08:50
Kystreise i Flåværleia. Håvard Hatløy og Frode Pilskog. Viti, Sunnmøre Museum
09:10
Herøy—Møre—Norge: Herøy sin strategiske samanheng i sagaskildringar. Ben Allport, Universitetsmuseet i Oslo (Teams)
09:30
Pause
09:45
Eides utgravingar på Herøy og Ulstein. Signe Marie Midtgard, Møre og Romsdal fylkeskommune
10:05
Georadarundersøkingane på Herøy og Ulstein. Arve Eiken Nytun, Møre og Romsdal fylkeskommune
10:25
Marmorkyrkjene på Ulstein og Herøy. To kyrkjer med ulik bakgrunn, Øystein Ekroll, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
10:45
Pause
11:00
Havna på Herøy og Flåværleia som maritimt landskap. Joseph Thomas Ryder, Beatrice Frabetti, Anders Schouw, Museum Vest
11:20
Makt og jordeigedom på Søre Sunnmøre i mellomalderen. Kristoffer Dahle, Møre og Romsdal fylkeskommune/Stein Arne Fauske, Viti, Sunnmøre museum
11:40
Stadnamn og landskap. Eldar Heide, Høgskulen på Vestlandet (Teams)
12:00
Felles diskusjon
12:15
Lunsj
13:00
Marmorkirkene på Herøy og Ulstein; isotoper avslører hvor marmoren kommer fra. Tom Heldal, Norges geologiske undersøkelse
13:20
Dedikasjonar, forholdet mellom stokk og stein. Kjartan Hauglid, Norsk institutt for kulturminneforsking
13:40
Kastell eller gildestove? Eit unikt kulturminne på Klosterhaugen. Øystein Ekroll, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
14:00
Felles diskusjon
14:15
Pause
14:30
Relasjonen til Selje. Regin Meyer, Norsk institutt for kulturminneforsking
14:50
Utstein kloster og hamn. Thomas Bjørkeland, Stavanger sjøfartsmuseum
15:10
Felles diskusjon

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Runde miljøsenter