Digitalt foreldremøte om trygg bruk av lett motorsykkel

  • Hending

Digitalt foreldremøte om trygg bruk av lett motorsykkel

Dato

Onsdag 19. august 2026

Tidspunkt

kl. 18.00 - 19.00

Stad

Digitalt møte

Last ned kalenderfil (.ics)

Onsdag19. august. mars kl. 18.00-19.00 inviterer fylkeskommunen til eit digitalt foreldremøte for alle foreldre og føresette ved dei vidaregåande skulane i fylket.

 


 

Møtet kan du sjå her.

I løpet av ein time får du:

  • enkle sjekklister for dekk, bremser, kjetting og utstyr
  • tips til korleis ein kan snakke med ungdom om trygg MC-køyring
  • faglege råd frå nokre av landets fremste ekspertar

Føredragshaldarar

Møtet vil ha innlegg frå sentrale aktørar innan MC-sikkerheit:

  • Jan Petter Wigum – universitetslektor ved Nord universitet, avdeling trafikkfag. Ein av dei fremste MC-ekspertane i landet og forskar på MC-sikkerheit.
  • Olea Kvalsvik – styreleiar i Norsk Motorcykkel Union og president i Federation of European Motorcyclists’ Association. Ei sentral stemme for om lag 40 millionar motorsyklistar i Europa.
  • Arild Lind – dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union. Representerer over 7 100 medlemmar og har vore ein viktig bidragsytar til MC-sikkerheit sidan 1972.
  • Olaf Olstad – sekretariatsleiar i Norsk MC Forhandler Forening. Arbeider for gode vilkår for både brukarar og forhandlarar, og for styrkt samarbeid med styresmaktene.
  • Bård Morten Johansen – fagsjef for trafikksikkerheit i Trygg Trafikk. Har ansvar for forsking og kunnskapsutvikling om mellom anna trafikantåtferd, infrastruktur og køyretøyteknologi.
     

Dette er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Nord universitet, Norsk Motorcykkel Union, Norsk MC Forhandler Forening og Trykk Trafikk.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Samferdselsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Henny Totlandsdal

Om staden

Namn

Digitalt møte