Webinar: Korleis fyller vi næringslivet sitt kompetansebehov?

  • Hending

Webinar: Korleis fyller vi næringslivet sitt kompetansebehov?

Dato

Fredag 28. august 2026

Tidspunkt

kl. 12.00 - 12.30

Stad

Webinar

Last ned kalenderfil (.ics)

Velkomen til eit nytt Næringsnettverk Møre og Romsdal, fylkeskommunen sitt månadlege nettseminar for alle som er opptatt av innovasjon og næringsutvikling. 

Meld deg på her

Vi er i tida på året då nye kull tek på seg sekken og møter opp til første skuledag, anten det er i grunnskulen, vidaregåande eller i høgare utdanning. Korleis sikrar vi at desse får brukt sin kompetanse i Møre og Romsdal etter endt skulegang? Kva kompetanse er det arbeidslivet vårt treng eigentleg? Og kva utdanningsval er det ungdommen tek?

For å svare på dette får vi besøk av kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken. Han er ansvarleg for fylkeskommunen sitt arbeid både med vidaregåande opplæring og næringsutvikling. Og i skjæringspunktet mellom desse, ligg kanskje det viktigaste samfunnsoppdraget: Å sørge for å dekke arbeidslivet sitt behov for arbeidskraft med rett kompetanse. 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Eivind Vartdal Ryste

Om staden

Namn

Webinar