Vi er i tida på året då nye kull tek på seg sekken og møter opp til første skuledag, anten det er i grunnskulen, vidaregåande eller i høgare utdanning. Korleis sikrar vi at desse får brukt sin kompetanse i Møre og Romsdal etter endt skulegang? Kva kompetanse er det arbeidslivet vårt treng eigentleg? Og kva utdanningsval er det ungdommen tek?
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken kjem for å svare på desse spørsmåla. Han er ansvarleg for fylkeskommunen sitt arbeid både med vidaregåande opplæring og næringsutvikling. Og i skjæringspunktet mellom desse, ligg kanskje det viktigaste samfunnsoppdraget: Å sørge for å dekke arbeidslivet sitt behov for arbeidskraft med rett kompetanse.
Klikk på lenka under for å delta
Næringsnettverk Møre og Romsdal - korleis fyller vi kompetansebehovet?