Kunstnartreff 2026

  • Hending

Kunstnartreff 2026

Dato

Torsdag 22. oktober 2026

Tidspunkt

kl. 16.30 - 20.00

Stad

Da-Vinci Rommet, Aggregat kunstnerfellesskap, Nedre Strandgate 9, Ålesund

Last ned kalenderfil (.ics)

Møre og Romsdal fylkeskommune og Aggregat kunstnerfellesskap inviterer til kunstnartreff.

Kunstnarstipenda i Møre og Romsdal skal bidra til kunst av høg kvalitet i regionen. Det skal bidra til at kunstnarane kan bu og arbeide her. Men kvifor treng vi kunstnaren? Kva er kunstnaren si rolle i samfunnet? Korleis forstå og ta vare på dei som formidlar ulike perspektiv, utfordrar og gjer den offentlege samtalen rikare.

I dette kunstnartreffet vil du får møte Bjørn Vatne, og høyre han sine tankar rundt dette, samt mottakarar av Møre og Romsdal sitt arbeidsstipend og nokre som har fått mindre stipend.
Det er ein ambisjon å ha ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk som kan gi nye og spennande samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker også å vere med på å synleggjere kunstnarane og arbeidet dei gjer. 

Vi ønsker kunstnarar, studentar, kommunar og kunst- og kulturinstitusjonar og andre interesserte er velkommen til å delta denne kvelden.

Det blir enkel servering og mingling frå kl. 1630.

Påmeldingsfrist er 15. oktober.

Klikk her for påmelding
 

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Da-Vinci Rommet, Aggregat kunstnerfellesskap, Nedre Strandgate 9, Ålesund