For berre nokre få år sidan googla vi når vi trong informasjon. No spør vi KI-en. Denne endringa har skjedd raskt, og for mange verksemder har KI allereie blitt ein naturleg del av arbeidskvardagen. Men kva skjer dersom tilgangen til dei skybaserte KI-tenestene forsvinn?
Peder Sefland frå BrAInXR leier ein praktisk workshop der du får arbeide med Project NOMAD - ei gratis og open kjeldekode-løysing som kan gjere ein kraftig laptop om til ein robust KI-server som fungerer lokalt utan internett.
- Ta med eigen PC som du har tilgang til å installere programvare på. Gi beskjed dersom du treng å låne PC.
- Det blir servert lunsj.
- Arrangementet er gratis dersom du melder deg på innan 10. oktober.
- Påmelding eller avmelding etter 10. oktober blir fakturert med kr 1 000.
Arrangementet er støtta av SpareBank 1 SMN og InterACT Europe gjennom PROACTsme-prosjektet .
Påmelding
Kontakt
Sveinar Kleive
Adjunkt, fagnettverksleiar for Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Ulstein vidaregåande skule
sveinar.kleive@mrfylke.no
91 74 34 46