Kva rolle har kommunen når ny kraftproduksjon skal planleggjast og byggjast ut? I webinaret ser vi nærare på regelverk, ansvar og handlingsrom i kommunane sitt arbeid med kraftutbygging. Vi belyser òg kva inntekter og økonomiske ringverknader kraftutbygging kan gje lokalsamfunna, og korleis juridiske og økonomiske rammevilkår påverkar moglegheitene for ny energiproduksjon.
Kraftutbygging rører ofte ved ulike interesser og kan skape både engasjement og motstand. Medverknad, interesseavvegingar og demokratiske prosessar er difor ein viktig del av biletet. Også dette vil vi gå nærare inn på i webinaret.
Påmelding innan 4.11 via Statsforvaltaren sine heimesider.