Næringsnettverk: Kva fekk Vekst i Hareid til?

  • Hending

Næringsnettverk: Kva fekk Vekst i Hareid til?

Dato

Fredag 30. oktober 2026

Tidspunkt

kl. 12.00 - 12.30

Stad

Digitalt møte

Last ned kalenderfil (.ics)

Korleis kan eit omstillingsprosjekt bidra til nye arbeidsplassar, meir samarbeid og framtidstru? Bli med på Næringsnettverk Møre og Romsdal og få historia om resultata frå Vekst i Hareid.

Vekst i Hareid vart avslutta tidlegare i år etter fleire år med målretta arbeid for næringsutvikling og omstilling i kommunen. På dette digitale møtet får du høyre korleis prosjektet har bidrege til samarbeid mellom kommune og næringsliv, og kva resultat dei har oppnådd.

Du møter:

  • Bernt Brandal, ordførar i Hareid
  • Christine Erdal, prosjektleiar for Vekst i Hareid

På 30 minutt får du innsikt i:

  • kva tiltak som vart sette i gang
  • kva prosjektet har oppnådd
  • erfaringar som kan vere nyttige for andre kommunar og lokalsamfunn

Registrer deg her for å delta

Gjekk du glipp av det forrige næringsnettverket, der Innovasjon Norge fortalde siste nytt, så finn du alle tidlegare utgåver her: Næringsnettverk Møre og Romsdal - YouTube

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Eivind Vartdal Ryste

Om staden

Namn

Digitalt møte