Introduksjonskurs i cybersikkerheit i maritim næring for lærlingar

  • Hending

Introduksjonskurs i cybersikkerheit i maritim næring for lærlingar

Dato

Torsdag 10. desember 2026 - fredag 11. desember 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 15.00

Stad

Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), Ålesund

Last ned kalenderfil (.ics)

Digitaliseringa i maritim næring gir store moglegheiter, men også nye tryggingsutfordringar. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit gratis introduksjonskurs i cybersikkerheit for lærlingar som arbeider i verft, utstyrsleverandørar og andre maritime verksemder.

Kurset er utvikla i samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen i Møre og Romsdal, Borgund vgs og Ulstein vgs. Utvikling og gjennomføring av kurset er ein del av det europeiske samarbeidsprosjektet LeaderSHIP. 

Dette lærer du

Kurset gir ei grunnleggande innføring i maritim cybersikkerheit og tek opp tema som:

  • Kva cybersikkerheit betyr i maritim næring
  • Aktuelle truslar og angrepsmetodar
  • Nasjonale trusselvurderingar og relevant regelverk
  • Korleis tilsette kan bidra til god sikkerheitskultur
  • Cybersikkerheit i arbeidslivet og i kvardagen som privatperson 

Kven passar kurset for

Kurset er tilpassa lærlingar på tvers av fagområde, fellesnemnaren er at dei i dag er læring i maritim industri. Døme på yrkesfaglege utdanningsprogram som passar for kurset:

  • Teknologi- og industrifag
  • Elektro og datateknologi
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon 

Både lærlingar på første og andre år vil ha nytte av innhaldet i kurset. 

Program

Dag 1 – 10. desember

Teoriundervisning og gruppeoppgåver. Undervisninga vert gjennomført av ressurspersonar frå NTNU Ålesund, Fagskolen i Møre og Romsdal og Borgund vgs. 

Dag 2 – 11. desember

Praktiske døme frå maritime bedrifter i Møre og Romsdal om cybertruslar og korleis verksemdene arbeider med sikkerheit i dag. 

Kvifor delta

Cybersikkerheit blir stadig viktigare i maritime verksemder. Kurset gir lærlingar kunnskap om risikoar og tryggleikstiltak dei vil møte i framtidig arbeidsliv, og korleis dei sjølve kan bidra til ein god sikkerheitskultur. 

Påmelding introduksjonskurs til cybersikkerheit i maritim næring

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), Ålesund