Berekraftsdagen
For alle tilsette i folkebibliotek, VGS-bibliotek og UH-bibliotek
Siri Vikse, biblioteksjef i Haugesund og Berit Skillingsaas Nygård, tidlegare biblioteksjef i Trondheim, no leiar for bærekraftsutvalget i Norsk bibliotekforening vil leie oss gjennom dagen med ein innleiing om kva berekraft er, for deretter å presentere dei tre ulike delane av prosjektet «Det skal være lett å bygge bærekraftige bibliotek». Etter lunsj blir det workshop med mykje delaking, øvingar og gøy.
Biblioteksjefmøte
Biblioteka har ei sentral rolle i å styrke demokratiet og ytringsfridomen i samfunnet. Dei er ein lågterskel møteplass som speglar lokalsamfunnet sitt mangfald og engasjement. For at biblioteka skal kunne utfylle denne funksjonen, er det avgjerande med tydeleg leiarskap, fagleg utvikling, samarbeid og innovasjon.
Dag to vil det bli både inspirasjon frå eige fylke og eksterne føredragshaldarar. Dagen vil starte med innlegg om Les Vegas, baby! som Nils Christian Pettersson ved Ålesund bibliotek vil stå for. Det vil bli innlegg frå bibliotekfeltet i Møre og Romsdal. Etter pausen vil blant anna Petter Bae Brandtzæg frå SINTEF Digital / UIO halde føredraget “Maskiner som leser og skriver: Hva gjør kunstig intelligens med vår evne til å tenke selvstendig?” og vi vil få høyre Sigbjørn Mostue halde eit føredrag om ytringsfriheit.
Vi ser fram til desse dagane saman med dykk.
Påmelding
Meld deg på!
Frist for påmelding er tysdag 9. september.
Program
Følg denne lenka for å sjå programmet (PDF, 83 kB) .