KAK - Karbonrike areal

  • Hending

KAK - Karbonrike areal

Dato

Fredag 17. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 08.30 - 10.30

Stad

Digitalt

Møre og Romsdal fylkeskommune, Kartverket, NIBIO og Statsforvaltaren kan med støtte frå Miljødirektoratet tilby kommunane hjelp til å: 

  • få kartlagt karbonrike areal 
  • prioritere og vektorisere relevante arealplanar 
  • bli betre kjent med verktøya arealrekneskap og klimagasskalkulator for arealbrukssektoren 

Sjå meir informasjon i invitasjonen. (PDF, 252 kB)  

Vi har gitt prosjektet kortnavnet KAK.

Dette webinaret vil gje ein kort introduksjon av prosjektet før vi slepp til NIBIO som vil gje opplæring i kva karbonrike areal er og fortelje om karta dei skal lage over karbonrike areal i Møre og Romsdal. Det er satt av tid til spørsmål og svar, så her er det moglegheit til å gå litt meir i djupna og få svar på det ein lurar på om karbonrike areal.  

Kartverket og fylkeskommunen vil også vise fram innsynsløysing for å finne karbonrike areal og metode for å prioritere kva planar som bør bli vektorisert/digitalisert først. 

Påmelding innan 16.10 via denne lenka.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Ingeborg Simonsen

Om staden

Namn

Digitalt