Vestlandet skal bygge, utruste og drifte mange nye fartøy dei neste åra. Det krev rett kompetanse i den landbaserte maritime næringa. Derfor inviterer Vestlandsrådet, Maritimt Forum Nordvest og Opplæringskontoret for tekniske fag på Sunnmøre (OTEK) til konferanse og workshop i Ålesund.
Store moglegheiter og nokre utfordringar
Kva skal til for å lukkast? Gjennomføringa av Forsvaret sin langtidsplan skal vere «så sivil som mogleg og så militær som nødvendig», etter bestilling frå Stortinget. Samtidig er Noreg eit lite land der rett arbeidskraft er avgjerande for å lykkast og for å oppretthalde kompetanseberedskapen i den samla klynga.
Målgruppa for konferansen:
- Industrifagleg maritim utdanning ved dei vidaregåande skolane
- Relevante fagskolar og universitet/høgskolar
- Opplæringskontor
- Rådgivarar i ungdomsskolen
- Næringslivet i verfts- og leverandørindustrien
- Politikarar og offentleg administrasjon
Programmet finn du her (maritimt-forum.no)
Deltaking er gratis, men på grunn av eit avgrensa antal plassar, ber vi om at du melder deg på.
Påmelding
Vestlandsrådet består av dei tre fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Rådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg.
Kontakt