IBBY Barnebokforums digitale haustkurs 2025

  • Hending

IBBY Barnebokforums digitale haustkurs 2025

Dato

Fredag 5. desember 2025

Tidspunkt

kl. 09.00 - 15.00

Stad

Digitalt

IBBY Norsk Barnebokforum er klare med nye haustkurs om barne- og ungdomsbøker. Vi i Møre og Romsdal får følge ein digital versjon fredag 5. desember, frå kl. 09.00 til 15.00.

Kursa er svært relevante for bibliotekarar, skulebibliotekarar, barnehagetilsette, lærarar og andre som vil halde seg oppdatert på barne- og ungdomslitteratur.

Her får du ein unik sjanse til å bli oppdatert på årets beste bildebøker, barnebøker, ungdomsbøker og fagbøker – presentert av dyktige og engasjerte foredragshaldarar som kjenner feltet godt.

Gjennom inspirerande foredrag får du innsikt i nye titlar og trendar.

Årets forelesarar

  • Stina Langlo Ørdal (bildebøker og fagbøker)
  • Edel Olsen (samiske utgivelser)
  • Siri Larsen (barnebøker)
  • Elin Hansson (ungdomsbøker og fagbøker)

Du kan melde deg på for å få lenke. Strøyminga ligg ute éin månad, så du treng ikkje å sjå foredraget same dag.

Påmelding

Påmeldingsfrist er onsdag 3. desember kl. 23:59. Pris for å delta er 250 kroner.

Meld deg på haustkurset

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Digitalt