Programmet for 2026 byr på innlegg frå blant andre fylkesordførar Anders Riise, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og kommunal- og moderniseringsminister Bjørnar Skjæran. I tillegg blir det også innlegg frå leiarar frå KS, NAV og NHO. Deltakarane får høyre om Kommunekommisjonens arbeid, langsiktig tenking i offentleg sektor, og status for beredskapsarbeidet i fylket. Det blir også debatt med Mørebenken, utdeling av prisen for Årets Regionbyggar, og eigne sesjonar om omstilling, beredskap og mobilisering av arbeidskraftreserven.
Konferansen er ein viktig møteplass for å styrke samarbeidet mellom ulike samfunnsaktørar, og for å diskutere korleis offentleg sektor kan lære av næringslivet og møte framtidas behov. Les meir om Nyttårskonferansen .
Konferansen er ikkje open for påmelding.
Program
Merk at programmet er foreløpig og kan bli oppdatert.
Program for Nyttårskonferansen 2026 (PDF, 107 kB)
Konferansen blir strøyma, men det blir ikkje lagt ut opptak i etterkant. Lenke til strøyminga blir lagt ut på denne sida.