5. februar er temaet seterbruket si historie i Møre og Romsdal ved Kristoffer Dahle, arkeolog i kulturavdelinga i fylkeskommunen
Kristoffer Dahle har skrive doktorgrad om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal. I fleire år har han reist rundt i fylket for å undersøke korleis seterbruket har utvikla seg frå jarnalderen og gjennom mellomalderen.
Meld deg på for å delta på Fagforum digitalt
I forskinga si har han samanlikna lokale funn med materiale frå andre delar av Skandinavia og frå øyane i Vesthavet. Han har også vurdert metodebruk og korleis kulturminne blir forvalta. Eit av dei mest interessante funna er at seterdrift i fylket kan ha starta for over 1000 år sidan. Dette er langt tidlegare enn ein før har trudd.
For å finne ut dette har han brukt metodar som DNA-analyse, pollenanalysar, insektsstudiar og jordkjemi, og på den måten kartlagt utviklinga av seterdrifta gjennom tidene.
Du kan også møte opp på møterom 103 på Fylkeshuset i Molde. Da treng du ikkje melde deg på.