Monica Molvær er gruppeleiar for Høgre i fylkestinget.
Privat
Og ho vil sjølv vere med på å ta ansvar:
– Eg blir gjerne med på å heise nokre flagg. Nærmaste skole er latinskolen her i Ålesund. Det er også skolen eg har gått på sjølv, seier Molvær.
Sparer ein halv mill. i året
Det var Molvær som i saka «Innsparingskrav 2024» i fylkestinget i april foreslo å gå i dialog med lokal frivilligheit på- eller ved dei 21 vidaregåande skolane i fylket. Dette for å finne ei løysing som sikrar at det blir heist flagg på ulike høgtidsdagar gjennom året. Til saman er det 15 offisielle flaggdagar kvart år.
Vedtaket i fylkestinget gjer at fylkeskommunen sparer 500.000 kroner årleg. No håpar Molvær at frivilligheita stiller opp for at flagga skal vaie i vinden ved dei vidaregåande skolane:
– Viktige høgtidsdagar
– Eg synest at det å flagge på slike markeringsdagar er viktig både for å markere kva dagane betyr, men og for å minnast alle dei som har ofra livet for at vi skal kunne leve i eit fritt land i dag. Spesielt 8. mai og 17. mai er dagar som vi feirar i lag i lokalsamfunnet. Og lokalsamfunnet hadde aldri vore noko utan frivilligheita. Veldig mykje anna av det som skjer for eksempel på 17. mai, er at det er frivilligheita som arrangerer.
Molvær er overtydd om at frivillige tar på seg oppgåva:
– Absolutt! Med fleire tusen som bidreg inn i frivilligheita og engasjerer seg i sitt lokalsamfunn, så trur eg ikkje det skal vere noko problem å henge opp 21 flagg på dei vidaregåande skolane i fylket, seier Molvær.
Alle kan bidra
Molvær presiserer at det ikkje er berre lag og organisasjonar som kan ta på seg ein slik oppgåve; det kan jo like godt vere ein engasjert nabo til eitt av skolebygga våre.
– Og eg bidreg gjerne sjølv, seier Molvær.
Dette er dei 21 vidaregåande skolane i fylket: Atlanten vgs, Kristiansund vgs, Fræna vgs, Sunndal vgs, Surnadal vgs, Tingvoll vgs, Rauma vgs, Gjermundnes vgs, Molde vgs, Romsdal vgs, Ørsta vgs, Volda vgs, Herøy vgs, Ulstein vgs, Ålesund vgs – Volsdalsberga, Ålesund vgs – Fagerlia, Haram vgs, Spjelkavik vgs, Borgund vgs, Stranda vgs, Sykkylven vgs
Interesserte kan melde seg via skjemaet under. Du vil då bli kontakta av fylkeskommunen som gjer avtale om det praktiske.