Nettverket fungerer i fylkeskommunen

Delar av nettverksproblema som ramma fylkeskommunale tenester fredag morgon, blei ved 10.45-tiden retta. 

Fleire fylkeskommunale tenester var fredag nede på grunn av ein nettverksfeil. Feilen ramma også tannhelsetenesta og dei vidaregåande skolane.

Feilen blei delvis retta fredag kl. 10.45, men det heng framleis igjen nokre feil som kan ramme tenestene. 

Det er ikkje mistanke om at fylkeskommunen er utsett for eit cyberangrep.