Send oss post via eDialog
Tilgjengelegheitserklæring for eDialog
Kva er eDialog?
Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, i tillegg kan dei bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandørane. Ved å bruke eDialog kjem dokumenta raskt fram til mottakaren på ein enkel og trygg måte.
Korleis brukar eg eDialog?
- Trykk på denne lenka for å sende oss post via eDialog
- Autentisere deg ved hjelp av ID-porten, med bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides.
- Fyll ut skjemaet og last opp eventuelle vedlegg.
Korleis fyller eg ut skjemaet?
- Vel om du er privatperson eller om du representerer ei verksemd.
- Obligatoriske felt er merka med *
- I tittelfeltet er det fint om du gjev opp saksnummeret ditt om du sender oss noko i samband med ei pågåande sak, for eksempel 2018/1310.
- Skriv inn i kommentarfeltet dersom du veit kven som er saksbehandlar. Enten namnet eller stillingstittel, f.eks mobbeombod
- Skriv melding i kommentarfeltet og last opp eventuelle vedlegg. Dette blir registrert i sak- og arkivsystemet vårt.
- Klikk på «Send sikkert til Møre og Romsdal fylkeskommune»
- Du får kvittering med referansenummer på e-post.
Når skal eg ikkje bruke eDialog?
Du skal ikkje bruke eDialog dersom Møre og Romsdal fylkeskommune har elektroniske skjema til formålet, for eksempel søknad om ulike tilskot, søknad på ledig stilling, søknad til vidaregåande opplæring og liknande.