Om fylkeskommunen

Kvar dag utfører fylkeskommunen oppgåver for dei som bur og arbeider i Møre og Romsdal fylke. Vi løyser dei i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Med rundt 2500 tilsette er vi ein av dei største største arbeidsgivarane i regionen. Du kan lese meir om kva vi har ansvar for i årsrapporten vår. 

Fylkeskommunen har fem linjeavdelingar og fire stabsavdelingar. Organisasjonskart finn du her

Oversikt over kven som er leiarar i dei ulike avdelingane:

Linjeavdelingar: 

Utdanningsavdelinga

  • Erik Brekken, fylkesutdanningssjef
  • Kariann D. Flovikholm, ass. fylkesutdanningssjef

Samferdselsavdelinga

  • Arild Fuglseth, samferdselssjef
  • Magne A. Vinje, ass. samferdselssjef

Regional- og næringsavdelinga

  • Bergljot Landstad, regional- og næringssjef
  • Eivind Vartdal Ryste, ass. regional- og næringssjef

Kulturavdelinga

  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef
  • Monica Kjøl Tornes, ass. fylkeskultursjef

Tannhelseavdelinga

  • Anthony Normann Valen, fylkestannlege
  • Morten Larsen, administrasjonssjef

Stabsavdelingar:  

Organisasjonsavdelinga

  • Nils-Gunnar Solli, organisasjonssjef

Plan- og analyseavdelinga

  • Ole Helge Haugen, fylkesplansjef
  • Ingunn Bekken Sjåholm, ass. fylkesplansjef

Bygg- og eigedomsavdelinga

  • Per Olaf Skuseth Brækkan, bygg-og eigedomssjef

Juridisk avdeling

  • Gudmund Lode, juridisk sjef
  • Arild Inge Kjersem, ass. juridisk sjef

Vidaregåande opplæring

Møre og Romsdal har omlag 10 000 elevar i vidaregåande opplæring. Dei fleste av desse går på ein av dei 23 vidaregåande skolane våre. Mange elevar har rett på skoleskyss, som også blir levert av fylkeskommunen. Vi gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle. Vi har også ansvaret for dei to fagskolane i fylket, i Kristiansund og Ålesund.

Fylkesvegar og kollektivtrafikk

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og vedlikehald av fylkesvegar. Frå og med 2020 overtek vi fleire oppgåver frå Statens vegvesen. Vi skal fortsette å legge til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. 

Kollektivtilbodet i Møre og Romsdal heiter Fram og har ansvar for buss, ferje og hurtigbåtar. 

Tannhelse

  • Møre og Romsdal har 34 tannklinikkar i 33 kommunar, som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid. 
  • Om lag 30 prosent av innbyggjarane har i dag rett til gratis tannhelsetilbod. Dette er barn og ungdom, grupper av eldre, langtidssjuke, uføre og psykisk utviklingshemma.
  • Tannhelsetenesta har også tilbod om behandling til betalande pasientar etter kapasitet.

Kultur

Vi skal legge til rette for godt kulturliv i heile Møre og Romsdal. Fylkeskommunen sørger for eit variert tilbod innan bibliotek, film, musikk, scenekunst og visuell kunst. Eitt av måla er å tilby engasjerande opplevingar for alle.

Næringsutvikling

Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Vestland. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

Myndigheit og forvaltning

På ei rekke felt har vi rett og lov til å bestemme på vegner av staten. Det gjeld mellom anna for forvaltning av kulturminne, vatn, friluftsliv og naturressursar.

Samfunnsutvikling

Vi skal drive samfunnsutvikling i samarbeid med andre aktørar i fylket, som kommunar, næringsliv, frivillige lag og foreiningar og forskings- og utdanningsmiljø. Dette gjer vi etter Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020, fylkeskommunen sitt overordna plandokument, og andre planar.

Måla er for den regionale utviklinga er at vi skal ha gode og inkluderande lokalsamfunn og byar, eit godt og breitt kultur- og fritidstilbod, god og tilstrekkeleg kompetanse, god konkurransekraft og nyskaping, gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar, gode oppvekst- og levekår  og god miljømessig berekraft.

Fylkeskommunen er eit av tre styringsnivå
Noreg blir styrt, eller forvalta, på tre nivå: Statleg, fylkeskommunalt og kommunalt.

Det statlege nivået består av Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga. Det lokale nivået består av kommunar og fylkeskommunar.

Dei tre nivåa har ansvaret for ulike oppgåver. Kommunane og fylkeskommunane står for rundt 60 prosent av den offentlige tenesteproduksjonen i landet.

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for kommunane eller som går på tvers av kommunegrensene. 

Fylkeskommunen og kommunen har sjølvråderett på ei rekke område. Dei har sjølvstyre og kan bestemme i fleire saker som angår nærområdet, kommunen eller regionen.

Vi er politisk styrt
Fylkeskommunen er bygd opp av eit politisk og eit administrativt nivå.

Fylkeskommunen blir styrt av fylkestinget, som består av 47 folkevalde politikarar. Desse blir valt samtidig med kommunevalet kvart fjerde år. Det er fylkesordføraren som leier fylkestinget. Tinget vedtar planar, saker og budsjett for arbeidet til fylkeskommunen. Fylkesutvalet og ei rekke politiske utval førebur saker for, og kjem med tilrådingar til fylkestinget.

Administrasjonen på si side har ansvaret for å drive fylkeskommunen. Han førebur saker for fylkestinget og dei andre dei politiske utvala og gjennomfører vedtaka som politikarane har gjort.

Fylkeskommunen er ein del av det norske demokratiet, der innbyggarane i fylket kan vere med å påverke kva prioriteringar som skal gjerast for vårt område av landet. Kvart fjerde år er det val av nytt fylkesting, som har 47 representantar. Fylkestinget gjer vedtak i større og prinsipielle saker og gir rammer for alt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Neste fylkestingsval er 9. september 2019.

Inntekter og økonomi
Både kommune og fylkeskommunen får inntekter frå kommune- og fylkesskatt, avgifter og overføringar frå staten. Dei statlege overføringane kan vanlegvis brukast etter eige ønske, men nokre gongar er dei øyremerka.

Møre og Romsdal fylkeskommune har ei omsetning på 5,5 mrd. kroner og eit investeringsbudsjett på om lag 1,8 mrd. Det er fordelt på samferdsel, kultur, næring, tannhelse, bygningar, organisasjon og utdanning. 

Visjon

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein visjon om å vere "ein tydeleg medspelar".

Kva ligg det i dette?

Som fylkeskommune løyser vi oppgåvene eller samfunnsoppdraget vårt i lag med kommunar, næringsliv, forskings- og utdanningsmiljø og andre, og i dette samarbeidet skal vi vere ein tydeleg medspelar, på vegner av innbyggarane i regionen.

Med tydeleg meiner vi at vi skal vere profesjonelle, fagretta, utviklingsorienterte og ha tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi har fått.

Verdiar

Fylkeskommunen er ein del av lokaldemokratiet, og vi skal utføre oppgåvene våre i tråd med demokratiske verdiar.

Heile samfunnsoppdraget vårt, alt vi gjer, skal bygge på desse verdiane:

  • openheit
  • respekt
  • likeverd
  • medråderett
  • ansvar for fellesskapet

Oppgåvene skal løysast med høg etisk standard og med ei bevisst haldning.

Visjonen og verdiane vil vere grunnlaget for  samhandling og dialog med  brukarane våre; elevar, foreldre, pasientar, og våre samarbeidspartnarar, kommunar, næringsliv og organisasjonar, men også internt i organisasjonen.