Fylkeskommunen sine oppgåver og ansvar

Fylkeskommunen har ansvar for mange viktige samfunnsoppgåver.

Kva er ein fylkeskommune?

Fylkeskommunen er eit folkevald nivå mellom stat og kommune. Folkevald betyr at det er politikarar som bestemmer. Politikarane blir vald for fire år i gonga i fylkestingsvalet, som skjer samstundes med kommunevalet. 

Kvar i fylket arbeider dei tilsette?

Dei tilsette i fylkeskommunen utfører det politikarane bestemmer. 
Nokon arbeider i administrasjon som held til i fylkeshuset i Molde, Campus i Kristiansund, Kirkegata eller NMK i Ålesund. Men dei aller fleste jobbar rundt om i heile Møre og Romsdal, ved dei vidaregåande skolane og på tannklinikkane. Samferdselsområdet har også tilsette plassert rundt om i heile fylket. 

Kva gjer ein fylkeskommune?

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for kommunane eller som går på tvers av kommunegrensene. 

Kva betyr dette for deg?

Veldig mange er innom ein av dei vidaregåande skolane våre, enten som elev eller føresett, eller kanskje for å delta på trening på fritida. Når du reiser kollektivt, er det stor sjanse for at du sitt på ein av buss, hurtogbåt eller ferje som fylkeskommunen driftar. Eller du køyrer på ein fylkesveg som vi har ansvaret for. Når du skal til tannlegen, er det til ein offentleg tannklinikk som vi har ansvar for, i alle fall om du er under 19 år. 

Fylkeskommunen bidrar også til gode frilufts-, kultur og idrettsopplevingar og næringsutvikling. Og mykje meir. 

Slik brukar fylkeskommunen pengane

Her får du ei oversikt over dei viktigaste tenesteområda våre.

Skole og utdaning

Fylkeskommunen eig og driv dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal.  Vi har ansvaret for den vidaregåande opplæringa, som er inngangsporten til både arbeidsliv og vidare studier.

Vi har om lag 10 000 elevar i vidaregåande opplæring, fordelt på 20 skolar. Mange elevar har rett på skoleskyss, som også blir levert av fylkeskommunen. Vi gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle. Vi har også ansvaret for fagskolen i Møre og Romsdal, som ligg i Kristiansund og Ålesund.

Tannhelse

Møre og Romsdal har 27 tannklinikkar i 26 kommunar, som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid. 
Om lag 30 prosent av innbyggjarane har i dag rett til gratis tannhelsetilbod. Dette er barn og ungdom, grupper av eldre, langtidssjuke, uføre og psykisk utviklingshemma.
Tannhelsetenesta har også tilbod om behandling til betalande pasientar etter kapasitet.

Fylkesvegar og kollektivtrafikk

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og drift av fylkesvegane og utbygging av nye fylkesvegprosjekt. Vi legg til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. 

Kollektivtilbodet i Møre og Romsdal heiter Fram og har ansvar for buss, ferje og hurtigbåtar. 

Kultur

Vi skal legge til rette for godt kulturliv i heile Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har ansvar for kulturtenester, kulturformidling og kulturvern. I tillegg legg vi til rette for ei god folkehelse og godt friluftsliv for innbyggarane våre.

Næringsutvikling

Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

Myndigheit og forvaltning

På ei rekke felt har vi rett og lov til å bestemme på vegner av staten. Det gjeld mellom anna for forvaltning av kulturminne, vatn, friluftsliv og naturressursar.

Samfunnsutvikling

Vi skal drive samfunnsutvikling i samarbeid med andre aktørar i fylket, som kommunar, næringsliv, frivillige lag og foreiningar og forskings- og utdanningsmiljø. Dette gjer vi etter Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020-2024, fylkeskommunen sitt overordna plandokument, og andre planar.

Måla er for den regionale utviklinga er at vi skal ha gode og inkluderande lokalsamfunn og byar, eit godt og breitt kultur- og fritidstilbod, god og tilstrekkeleg kompetanse, god konkurransekraft og nyskaping, gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar, gode oppvekst- og levekår  og god miljømessig berekraft.

Kva er det som ikkje er fylkeskommunen sitt ansvar?

Det er ikkje lett å ha oversikt over kva kommunen, fylkeskommunen eller staten har ansvar for.  Her er dei tenestene vi får mest spørsmål om.

Vi har ikkje ansvar for: 

  • Mange trur framleis at det er fylkeskommuenen som har ansvar for sjukehusa. Dette ansvaret vart overført til staten gjennom regionale helseforetak i 2002.
  • Spesialisthelsetenesta omfattar sjukehus, andre institusjonar og ambulansetenesta, og det er staten som har ansvar for dette.
  • Primærhelsetenesta består av fastlegeordninga og pleie- og omrsorgstenester i kommunen din, og det er kommunen som har ansvar for dette.
  • Eldreomsorg er kommunen sitt ansvar
  • Kommunane har ansvar for dei offentlege barnehagane
  • Dei offentlege barne- og ungdomsskolane er det kommunane som har ansvar for
  • Staten har ansvar for offentlege universitet og høgskolar
  • Kommunen har ansvar for kommunale vegar, staten har ansvar for riksvegar og europavegar. Fylkeskommunen har ansvar for fylkesvegane.
  • Mange forvekslar Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) med fylkeskommunen. Statsforvaltaren er staten og regjeringa sin representant i fylket, og er det regionale leddet for ei rekke departement og direktorat. Statsforvalteren har ei sentral rolle i å formidle og samordne regjeringa sin politikk ovanfor kommunene.