Fylkeskommunen som arbeidsgivar

Med over 2500 medarbeidarar, og ‘høg kompetanse og utviklingsdriv’ som varemerke, er vi opptatt av å vere ein god og attraktiv arbeidsgivar. Vi jobbar kontinuerleg med å bygge ein kultur for læring og utvikling for dei som jobbar hos oss.

Vil du vere med å drive samfunnsutvikling på høgt nivå, er Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidsplassen for deg.

Akkurat no har vi har fleire ledige stillingar innan fleire ulike fagfelt. Finn du noko som passar deg? 

Alle våre ledige stillingar finn du på vår oversikt over ledige stillingar. 

Ønsker du å søke jobb hos oss, må du sende elektronisk søknad og cv i søkeportalen vår. Alle ledige stillingar blir lagt ut på mrfylke.no/jobb.

Lurar du på kor mange som har søkt på stillinga? Det finn du oversikt over her.

Er det første gong du søker jobb hos oss?

  • Klikk deg inn på stillingen du ønsker å søke på.
  • Klikk på Søk på stilling
  • Klikk på Registrer bruker. Hak av: 'Jeg er en søker og skal opprette meg som bruker for første gang og ' Jeg forstår innholdet i personvernerklæringen'. Fyll deretter inn fornavn, etternavn og e-post før du trykker på Utfør.
  • Følg trinna i vegvisaren. Fyll ut arkfanene: Personalia, Spørsmål, CV, Søknadsbrev, Avsluttende spørsmål og Sammendrag. Trykk på Send søknad.

Har du søkt jobb hos oss tidligare? Er du tilsett?

  • Klikk deg inn på stillinga du ønsker å søke på.
  • Klikk på Søk på stilling
  • Logg deg på med brukarnamn og passord.
  • Følg trinna i vegvisaren.

Har du søkt jobb hos oss før, ligg CV'en din lagra i portalen.

Du kan også gå inn på rekruttering/mrfylke.no for å søke jobb, oppdatere cv og anna informasjon.

Gløymt passord eller brukarnamn?

Gå inn på Rekruttering.mrfylke.no. Klikk på Glemt brukarnavn/passord.

Skriv inn brukarnamn eller e-post for å få nytt passord.

Personopplysningar

All informasjon som du gir frå deg når du søker jobb hos oss, blir behandla i samsvar med personopplysningslova.

Kvittering på e-post

Alle som har sendt inn søknad vil få kvitterin på e-post om at søknaden er mottatt. Dette skjer når søknadsfristen ha gått ut.

Tilsette med førerett

Nokre få stillingar eller delar av stillingar kan gå til personar som alt er tilsette med førerett i Møre og Romsdal fylkeskommune. I slike høve vil vi straks fjerne utlysingsteksta frå nettsida vår.

Endre CV, følge saksbehandlinga eller oversikt over søknader

Gå inn på Rekruttering.mrfylke.no. Logg deg inn med brukarnamn og passord. Klikk deg inn på Kompetanse for å endre CV. Inne på Søknader kan du sjå oversikt over søknadar du har sendt, og kven andre som har søkt dei same stillingane.

Som ny hos oss får du:

  • Introprogram i eininga med mellom anna rettleiing, fadder/mentor
  • Felles introduksjonsprogram om oppgåver, visjon og verdiar
  • Medarbeidarsamtalar
  • Kompetanseutvikling gjennom heile karrieren
  • Delta på fylkesakademiet
  • Leiarutviklingsprogam

For å utvikle våre medarbeidarar, tilbyr vi leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og ulike kompetansetiltak.

Fylkesakademiet tilbyr ulike kompetansetiltak og kurs for tilsette innan arbeidsgivar- og organisasjonsområdet. Akademiet står bak organisasjonskonferansen, leiarutviklingsprogram, introduksjonsdag, kurs og ulike kompetansetiltak. Kvart år tilbyr vi ein oppdatert kurskatalog for dei tilsette.

Som tilsett i sentraladministrasjonen i fylkekommunen er du tilslutta pensjonsordninga i KLP. Undervisningspersonale i dei vidaregåande skulane tilslutta pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.

Pensjonsforsikringar

Du som tilsett er forsikra i KLP. Forsikringsavtalen omfattar:

  • Gruppelivsforsikring
  • Yrkesskadeforsikring
  • Ulykkesforsikring i fritida

Når blir du meldt inn og ut av forsikringsordningane?

  • Nye arbeidstakarar er med i ordninga frå tilsettingsdato.
  • Arbeidstakarar som sluttar eller går over på alderspensjon går automatisk ut av ordninga den dagen dei sluttar i jobben.
  • Uførepensjonistar er omfatta av gruppelivsforsikringane fram til dei når aldersgrensa for stillinga dei hadde.

Les meir om pensjonsordninga i klp her.

Her finn din meir om pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.

 

Snarvegar

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.