1 Bakgrunn og målsetting
I regional planstrategi for Møre og Romsdal (2020-2024) kjem det fram at Møre og Romsdal skårar lågare på likestilling enn landssnittet på 9 av 12 indikatorar for likestilling. Det er derfor rom for forbetring i relasjon til likestilling i fylket.
Det visast også til at Møre og Romsdal fylkeskommune i fylkesplan for berekraftsfylket Møre og Romsdal (2021-2024) kapittel 5, har eit mål om å «ha eit mangfaldig arbeidsliv som legg til rette for likestilling og inkludering, og som legg reglar og avtalar i arbeidslivet til grunn.
Det er derfor viktig for Møre og Romsdal fylkeskommune å ha eit bevisst forhold til likestilling og jobbe aktivt for å vidareutvikle detta i eigen organisasjon. Denne handlingsplanen er meint å bidra til at dette arbeidet følgjast opp på ein god og systematisk måte.
Frå 2022 innførar i tillegg Europakommisjonen og Forskingsrådet krav om handlingsplanar for likestilling (Gender Equality Plans, GEP) på organisasjonsnivå for søkarar og samarbeidspartnarar for Horisont Europa utlysingar. Det vil seie at alle organisasjonar som får eit prosjektforslag godkjent for finansiering.
Ifølgje Likestillings- og diskrimineringsloven inneber likestilling likeverd, like moglegheiter og like rettigheiter. Likestilling forutset tilgjengelegheit og tilrettelegging.
Målet med handlingsplan for likestilling er å sikre at alle arbeidstakarar skal ha like moglegheiter til arbeid, utvikling (fagleg og personleg), opplæring, avansement og lønnsvekst uavhengig av kjønn.