4 Innsatsområde og delmål
Vi har valt å prioritere innsatsområda som vart anbefalt av Europakommisjonen og forskningsrådet i første fase av arbeidet med likestilling. Kvart innsatsområde inneheld fleire delmål som konkretiserer og målrettar arbeidet med likestilling.
- Likestilling skal inngå som tema i leiarutviklingsprogram/leiaropplæring i fylkeskommunen. Ansvarleg: HR
- Årleg rapportering av kjønnsdelte data for alle stillingskategorier og vurdering av korleis dette skal følgast opp vidare. Gjerast i HSAMU. Ansvarleg: HSAMU, HR
Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar skal nyttast av leiarar for å sikre lik behandling og god tilrettelegging for tilsette i alle livsfasar.
Ansvarleg; alle med personalansvar, HR
- Fokus på kjønnsbalanse ved rekruttering til alle stillingar. Ansvarleg: HR, rekrutteringsansvarleg på einingane
- Identifisere hindringar for likestilling for å kunne utarbeide tiltak og målrette innsatsen for å oppnå betre kjønnsbalanse. Ansvarleg: HR, rekrutteringsansvarleg på einingane
Oppfordre kvinnelege kandidatar til å søke leiarstillingar
- Møre og Romsdal fylkeskommune har en nulltoleranse for kjønnsbasert vald og seksuell trakassering. Ansvarleg: Alle, HR håndterer eventuelle saker
- Kjønnsbasert vald og seksuell trakassering skal inngå i lokale risikovurderingar av arbeid som kan medføre fare for å bli utsett for vald og trussel om vald (AML §4-3 (4) og forskrift om utførsles av arbeid §§ 23 A. Ansvarleg: Lokale ansvarlege for risikovurdering, HR kan delta og følgje opp
- Vald og trakassering (førebygging, risikovurdering og handtering) skal inngå som opplæring av leiarar, TV og
VO. Ansvarleg: HR - Gjennomgang/oppdatering av retningslinjer ogvarslingsrutinar. Ansvarleg: HR
- Synleggjereng retningslinjer og rutinar på intranett. Ansvarleg: HR, intranettansvarleg
- Rådgivarar, lærarar, opplæringskontor og næringsliv har søkelys på likestilling og like moglegheiter i
karriererettleiinga. Ansvarleg: Rådgjevarar, pedagogisk personell - Karrieredagar og hospitering på dei vidaregåande skolane blir brukt aktivt som arenaer for å vise mangfald og moglegheiter i utdanning, og i lokalt og regionalt næringsliv.
Skolar og bedrifter er bevisste på å utvide elevane sine kunnskapar om dei mange valmoglegheitene elevane
har. Ansvarleg: Rådgivarar, pedagogisk personell - Det blir jobba kontinuerleg for at alle elevar skal oppleve at dei kan ta sjølvstendige og utradisjonelle val, og vere trygge på at dei blir ivaretekne uavhengig av kvaval dei tek. Ansvarleg: Rådgivarar, pedagogisk personell