2 Krav og anbefalingar frå Europakommisjonen
Frå nyttår 2022 må alle som søker om finansiering frå Horisont Europa ha en handlingsplan for likestilling. Handlingsplanen må være klar når kontrakt om eventuelle midlar skrivast. Det føreligg spesifikke krav for å få handlingsplanen godkjent og det er i tillegg presentert anbefalingar på innsatsområda som kan/bør prioriterast.
Krav for å få handlingsplanen godkjent:
- Handlingsplanen skal være vedtatt av leiinga og offentleg tilgjengeleg på institusjonens heimeside
- Handlingsplanen skal vise til øyremerka ressursar for arbeidet med likestilling
- Handlingsplanen skal inkludere kjønnsdelte data for alle stillingskategorier og vise korleis ein skal gjennomføre årleg rapportering og oppfølging.
- Handlingsplanen skal vise korleis arbeidet blir støtta opp med opplæring og kompetansebygging.
Anbefaling på innsatsområda som kan/bør prioriterast:
- Organisasjonskultur og balanse mellom jobb og privatliv
- kjønnsbalanse i leiing og i fora der avgjerder blir tatt
- kjønnsbalanse i rekruttering og karriereutvikling
- integrering av eit kjønnsperspektiv i forsking og undervisningsinnhol
- tiltak mot kjønnsbasert vald og seksuell trakassering