Organisasjonsstrategi

Organisasjonsstrategi sirkel kortversjon

1. Samfunnsoppdrag og mål

 

Organisasjonsstrategien beskriv korleis vi som organisasjon skal løyse samfunnsoppdraget vårt for å nå måla i den regionale planstrategien (RPS) og FN sine berekraftsmål. Måla kan du lese i fylkesplanen.

Samfunnsoppdraget omfattar fire hovudroller: Samfunnsutviklar, tenesteleverandør, myndigheitsutøvar og demokratisk aktør. I tillegg har fylkeskommunen rolla som ein av dei største arbeidsgivarane i regionen.  

Det overordna målet for strategien: Vi samarbeider om å nå måla for Møre og Romsdal fylkeskommune og møter framtidas behov med berekraftige løysingar.

2. Visjon, verdiar og nye arbeidsmåtar
 

Visjonen og verdiane skal vere grunnlaget for og vegvisaren for handlingane våre, vurderingane vi gjer og haldningane våre.

Visjonen vår er: Ein tydeleg medspelar

Verdigrunnlaget vårt er: Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Skal vi vere ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit, må vi vere opne ved å lytte, lære og dele, rause overfor kvarandre og opne for nye synsmåtar. Vi skal utveksle kunnskap med andre og involverer innbyggarar og samarbeidspartnarar når vi løyser oppgåvene våre.

Vi må kjenne oss trygge for å kunne vere opne, bygge gode relasjonar og tillit. Vi skaper tillit gjennom måtane vi arbeider og samhandlar på, og dei resultata vi oppnår. 

Skal visjonen og verdigrunnlaget bli ein del av organisasjonskulturen vår, må både det politiske nivået og dei tilsette reflektere over korleis vi jobbar og resultata vi skapar i lag. 

Dei politiske og administrative leiarane, skal saman med våre tilsette, bruke arbeids- og kommunikasjonsformer som bygger tillit og godt omdømme. 

Nye arbeidsmåtar - verdiskapande samarbeid og gevinstrealisering: For å nå berekraftsmåla, skal vi utvikle betre eller nye løysingar og ny kompetanse i eit verdiskapande samarbeid med andre. Dette samarbeidet skal vere aktivt og forpliktande. Det vi skal oppnå er å skape og hente ut verdiar og gevinstar i form av spart tid, økonomisk inntening, kvalitetsforbetring og berekraftige løysingar - for samfunnet og innbyggarane i Møre og Romsdal.

Dette er innsatsområda og prinsippa vi arbeider etter:

3. Plansystem og verksemdstyring
 

For å nå måla våre, skal vi ha eit gjennomgåande og tydeleg system for plan,- styring- og internkontroll. Systemet skal sikre god struktur og bidra til å prioritere, planlegge og gjennomføre arbeidet vårt.

Måten vi styrer organisasjonen på skal vere basert på kunnskap og systematisk jobbing for å betre kvaliteten og oppnå gevinstar. 

Dette skal vi få til gjennom:

Vi jobbar for å nå måla  i dei regionale planane og følger opp resultata som grunnlag for utvikling og læring i organisasjonen. 

Vi har etablert prosjektarenaen for å sikre verdiskapande samarbeid og god gjennomføring av større satsingar, prosjekt og program, på tvers av fag og nivå.

Måten vi styrer organisasjonen på skal vere basert på kunnskap og systematisk jobbing for å betre kvaliteten og oppnå gevinstar. 

Her kan du sjå ein illustrasjon av samanhengane i plan- og styringssystemet.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi arbeider kunnskapsbasert og deler kunnskap med heile organisasjonen 
  • Vi legg til rette for medverknad, engasjement og samarbeid i plan- og strategiprosessane  
  • Vi nyttar mål- og resultatoppfølging som grunnlag for utvikling og læring i organisasjonen utarbeiding av nye planar, strategiar og prosjekt.  
  • Vi nyttar Prosjektarenaen for å sikre verdiskapande samarbeid og god gjennomføring av større satsingar, prosjekt og program. 
  • Vi brukar porteføljestyring på to nivå. Oppfølging av dette skjer gjennom prosjektarenaen. 
  • Vi brukar felles årshjul for dei styrande plan- og økonomiprosessane og porteføljestyringa 

Det inneber mellom anna at vi styrer organisasjonen etter mål og resultat, gjennom økonomisk rammestyring. Vi jobbar kontinuerleg med utvikling og forbetring.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi brukar mål- og resultatstyring som overordna styringsprinsipp og leiardialog som verktøy for oppfølging  
  • Vi legg økonomisk rammestyring til grunn 
  • Vi involverer politisk nivå i budsjett- og økonomiplanarbeidet (Det vert gjennomført budsjettseminar mellom fylkestingssamlinga i april og juni, og før fylkestinget i oktober. Seminara gir innspel til strategi og rammer for arbeidet med ny økonomiplan.) 
  • Vi rapporterer på den økonomiske situasjonen til hovudutval, fylkesutval og fylkestinget tre gonger årlig, i tillegg til måloppnåing i samband med årsrapporten 
  • Vi rapporterer regelmessig til fylkesutvalet om status for oppfølging av planer, politiske vedtak og oversendingsforslag frå fylkestinget 
  • Vi brukar gevinstanalysar som grunnlag for prioriteringar og ressursbruk (vurdering av gevinstar for brukarar, kundar, elevar, pasientar, samarbeidspartar, organisasjonen og for samfunnet) 
  • Vi brukar leiardialogen som verktøy for oppfølging, utvikling og felles læring mellom leiarnivåa i organisasjonen 
  • Vi arbeider kontinuerleg med forbetring, utvikling og læring  

Internkontrollen skal bidra til at administrasjonen utfører sine oppgåver i tråd med lovar, reglar og forskrifter, samt fylkestinget sine vedtak.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi har oppdaterte og lett tilgjengeleg oversikter over verksemda sine hovudoppgåver, organisering og styringsdokument med mål 
  • Vi har rutinar og prosedyrar som vi evaluerer og forbetrar for områder der risikovurderingar tilseier at det er behov for dette  
  • Vi dokumenterer skriftleg det vi gjer på områder der det er formelle krav eller der risikovurderingar tilseier at det er behov for dette 
  • Vi identifiserer og lukkar avvik, samt følgjer opp forslag til forbetringstiltak i eit digitalt forbetrings- og avvikssystem 
  • Vi har oversikt over aktuelle ressursar som er relevante for verksemdstyringa og internkontrollen og gjer desse lett tilgjengeleg for leiarar, tilsette, folkevalde og kontrollorgan 
4. Organisasjons- og tenesteutvikling
 

For å utvikle tenestene og regionen på ein berekraftig måte, er det nødvendig å vidareutvikle og skape nye arbeids- og samhandlingsformer både internt og eksternt. 

Vi skal utvikle organisasjonen og tenestene våre gjennom:

Vi tar utgangspunkt i innbyggarane sine behov og utviklar meir tilgjengelege og effektive tenester.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi legg brukarane sine behov til grunn for våre tenester og løysingar 
  • Vi bygger tillit og tileignar oss brukarkompetanse gjennom å involvere brukarane gjennom dialog og brukartesting 

Vi skal arbeide systematisk med forenkling, forbetring og digitalisering av arbeidsprosessar, for å utnytte ressursane våre på ein smartare måte.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi prioriterer digital kompetanseutvikling på både leiar-, medarbeidar- og organisasjonsnivå 
  • Vi automatiserer manuelle arbeidsoppgåver for å frigjere kapasitet og kompetanse til verdiskaping og utvikling  
  • Vi deler data på tvers av system, organisasjonseiningar og med andre aktørar  
  • Vi varetek informasjonssikkerheit og personvern i utviklinga av nye tenester.  

Vi skal samarbeide med andre aktørar og sektorar for å skape samanhengande offentlege tenester.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi samarbeider på tvers av fag, nivå og sektor for å levere relevante og framtidsretta tenester. Vi definerer våre interne roller, støtter, lærer saman og deler med kvarandre 
  • Vi vidareutviklar modellar og metodikk for organisasjons- og tenesteutvikling 
  • Vi skaper møteplassar og treffpunkt for læring og innovasjon både internt og eksternt 
  • Vi samarbeider om å utvikle samanhengande tenester i offentleg sektor i tråd med intensjonane i regjeringa sin digitaliseringsstrategi 
  • Vi er tydelege i eksterne roller 

-som regional pådrivar for digitalisering og innovasjon  

-som samarbeidspartnar i nasjonale fellessatsingar og nettverk 

5. Leiar- og medarbeidarskap i ein lærande organisasjon
 

Fylkeskommunen skal vere ein lærande organisasjon, der tilsette og leiinga kontinuerleg lærer saman. Vi skal arbeide kunnskapsbasert og lære for å forbetre og fornye organisasjonen vår, utvikle tenestene og måtane vi løyser samfunnsoppdraget på. Vi ser læring som ein føresetnad for å utvikle nye mål og møte framtidige behov. 

Vi skal utvikle:

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi lærer ved å skape, vidareutvikle og delta i felles læringsarenaer 
  • Vi lærer gjennom å overføre og dele kunnskap 
  • Vi lærer gjennom kontinuerleg refleksjon over eigen praksis   
  • Vi lærer gjennom systematisk problemløysing og utprøving  
  • Vi arbeider målbevisst for å utvikle og tilpasse åtferda og arbeidsforma vår i samsvar med ny kunnskap og innsikt 
  • Vi legg til rette for kompetanseutvikling både gjennom læring på arbeidsplassen, kursing og etter- og vidareutdanning 

Den myndiggjorte medarbeidaren arbeider kunnskapsbasert slik at han eller ho tar avgjerder og i stor grad leier seg sjølv innanfor eigen kompetanse og fagområde.

Den tilsette må ha ein balanse mellom utfordringar, krav og handlingsrom på den eine sida, og kjenne seg trygg, ha kunnskap og vite korleis han eller ho skal utføre jobben sin på den andre.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi er trygge på eigen kompetanse, og vi ser og gjer oss nytte av andre sin kompetanse 
  • Vi avklarar gjensidige forventningar 
  • Vi handlar i tråd med organisasjonen sin visjon, verdiar og mål 
  • Vi har tillit til  kvarandre, stiller spørsmål og melder frå om manglar og forslag til forbetringstiltak  
  • Vi innhentar og deler relevant informasjon og kunnskapsgrunnlag 
  • Vi har kontroll over eigen arbeidssituasjon og tek avgjerder på område der vi har kompetanse og avgjerdsmynde  
  • Vi bidreg alle til og opplever trivsel på arbeidsplassen 

Leiarane samarbeider på tvers av fagområda og mellom nivå for å ta vare på heile organisasjonen sine behov, og dei har grunnleggande tiltru til at medarbeidarane kan løyse krevjande oppgåver. Det er eit godt samspel mellom det administrative og politiske leiarskapet.

Prinsipp for heilskapleg leiarskap: 

  • Leiarane skal ta eit heilskapleg resultatansvar og arbeide på tvers og mellom nivå i organisasjonen for å fremme ein utviklingskultur 
  • Leiarane skal legge til rette for felles refleksjon over praksis der det blir gitt gjensidige tilbakemeldingar, kommunisert forventningar, bygd lagånd, optimisme. Leiing skal utøvast gjennom visjon og mål for det vi skal oppnå, framfor å utøve kontroll og styring av arbeidet 
  • Leiarane skal mobilisere kompetanse og stimulere til å bruke og utvikle evner og ferdigheiter  
  • Leiarane skal gi tilsette mynde til å ta avgjerder der dei er kompetanse, utfordre eksisterande måtar å utføre arbeidet på og stimulere til kreativ tenking og sjølvleiing 
  • Leiarane skal gi støtte, anerkjenning og sjå individuelle behov 
  • Leiarane skal vere rollemodell ved å bygge tillit, vise engasjement og interesse 
6. Arbeidsmiljø og HMS
 

Arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg på alle område som kan påverke arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse og velferd. Vi skal jobbe for å førebygge skadar og sjukdom, fremme produktivitet, motivasjon og engasjement hos alle medarbeidarane våre.

Dette får vi til gjennom:

Prinsippa vi arbeider etter:  

  • Vi gjennomfører og følger opp regelmessige medarbeidarundersøkingar for å utvikle det psykososiale og organisatoriske  arbeidsmiljøet 
  • Vi gjennomfører og følger opp regelmessige kartleggingar (risikovurderingar og vernerundar) for å utvikle det fysiske, mekaniske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøet 
  • Vi legg til grunn at alle tilsette skal ha eit arbeidsmiljø prega av tryggleik og tillit utan negative belastningar  
  • Vi aukar ressursane og reduserer negative belastningar for å møte krav på tvers av alle arbeidsmiljøfaktorane  

Vi tilpassar arbeidet med arbeidsmiljø og HMS til arbeidsmiljøa og dei ulike yrkesgruppene og arbeidsplassane vi har.

Prinsippa vi arbeider etter: 

  • Vi arbeider kunnskapsbasert og legg til grunn korleis arbeidet er organisert og blir utført i dei ulike yrkesgruppene/fagområda 
  • Vi bygger ein kultur på arbeidsplassen som er kjenneteikna av kontinuerleg forbetring. Å dele og lære av feil er verdifullt 
  • Vi arbeider systematisk med HMS for å forebygge risiko  
  • Vi vurderer risiko kontinuerleg i alle einingar gjennom regelmessige kartleggingar og vurdering av negative arbeidsmiljøfaktorar. Tiltak blir følgt opp basert på denne risikovurderinga. 
  • Vi etterlever krav til dokumentasjon i HMS-arbeidet  

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.