Leiarar:
Torgeir Haukebø, leiar for bygg- og eigedomstenestene
Om avdelinga:
Bygg- og eigedomsavdelinga er fagavdelinga for bygge- og eigedomssaker.
Avdelinga utøver fylkeskommunen si eigarrolle, tek vare på byggherrefunksjon i byggesaker og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester.
Vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg utgjer ein samla bygningsmasse på om lag 210 000 kvadratmeter fordelt på 200 bygg. Avdelinga forvaltar også fiskerihamner og andre grunneigedommar.
Vedtatt eigedomsstrategi gjev følgjande effektmål for porteføljen:
- Eigedomsforvaltninga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal understøtte kjerneverksemda på best mulig måte.
- Møre og Romsdal fylkeskommune skal drive verdibevarande vedlikehald.
- Eigedomsstrategien skal bidra til økt kompetanse i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Eigedomsutvikling og –forvaltning skal bidra til felles identitet i og godt omdømme for Møre og Romsdal fylkeskommune
Til kvart av måla er det definert resultatmål for perioden 2017 – 2026.