Kulturområdet

Leiarar

Området har ansvar for

Vi har som mål å bidra til gode lokalsamfunn med eit mangfaldig, relevant og tilgjengeleg kultur- og fritidstilbod, og ei god folkehelse for alle. Barn og unge er ei viktig målgruppe.

Vi legg til rette for nærings- og bransjeutvikling av fylket sine profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar og tar initiativ til regionale satsingar som retter seg mot verksemder som skaper, produserer, formidlar og driv med sal av kulturelle uttrykk.

Avdelinga har ønsker ein sjølvstendig og inkluderande frivillig sektor. Som ein nettverksbyggar ønsker vi å heve kompetansen i frivilligheita og inviterer til kurs og møteplassar.

Vi forvaltar mange ulike tilskotsordningar og støttar ulike tiltak, prosjekt og tilbod som er i samsvar med mål i regionale og nasjonale planer. Området jobbar tverrfagleg og har eit stort søkelys på kunnskap og kompetanseheving i sektoren. På denne måten bidrar vi til å auke aktiviteten og å utvikle kultur- og fritidstilbodet i Møre og Romsdal.

Ansvarsområda er forankra i lovar, forskrifter, stortingsmeldingar og regionalpolitiske prioriteringar. Området har 42,5 årsverk.

Vi jobbar innanfor desse fagområda

Kulturområdet er organisert i to seksjonar – seksjon for kultur og folkehelse og seksjon for kulturmiljø og friluftsliv. I tillegg har kulturdirektøren ein eigen stab.