Stab for organisasjon og tenesteutviklingLeiarar:Dag Lervik, organisasjonssjefRichard Müller, HR-sjefDagfinn Grønvik, IT-sjefInger Johanne Moene, kommunikasjonssjefJonas Båfjord Holten, digitaliseringssjefStaben skal:følge opp den overordna arbeidsgivarfunksjonen og legge til rette for organisasjons- og medarbeidarutvikling forankra i fylkeskommunen sin organisasjonsstrategiarbeide for å sikre eit godt og forsvarleg arbeidsmiljøarbeide for at vi har myndiggjorte medarbeidarar i ein lærande organisasjontilpasse brukarorienterte og effektive løysingar i ein digital moden organisasjon med gode samarbeidsmodellarlegge til rette for god kommunikasjon internt og eksterntforvalte og utvikle overordna rammeverk for sikkerheit/beredskap/krisehandteringvere pådrivar i arbeidet med å skape ei plattform for felles kultur, identitet og godt omdømmeLes meir om dei ulike seksjonane: HRHR følger opp den overordna arbeidsgivarfunksjonen på vegner av fylkeskommunedirektøren og gir leiarstøtte innanfor:rekruttering og utvikling av leiarar og andre medarbeidararHMS og arbeidsmiljøarbeidet med omstilling og organisasjonsutviklingkultur og identitet ITIT har ansvar for:teknisk drift og utvikling av alle felles IT-tenester i fylkeskommunen. å ha tett kopling til arbeidet med digitalisering, integrasjon og robotisering.Seksjonen er organisert i to team:brukarstøtteteknisk drift av IT-tenestene KommunikasjonKommunikasjonsseksjonen har eit overordna ansvar for strategisk og operativ kommunikasjon i fylkeskommunen. Vi skal sørge for at kommunikasjonen bygger opp under måla i fylkesplanen og for å auke kunnskapen om fylkeskommunen sine roller og tenester.Som støttefunksjon for heile organisasjonen skal vi bidra til å sikre god ekstern og intern kommunikasjon.Vi utviklar og driftar fylkeskommunen sine kommunikasjonskanalar og har ansvar for grafiske tenester til annonser og anna profilering.Seksjonen kan gi råd om:planlegging og gjennomføring av kommunikasjonstiltakpressemelding og mediekontaktannonseringspråkgrafisk formgiving, profil og verkemiddelkrisekommunikasjon og beredskapDigitaliseringSeksjon digitalisering:skal vere ein ressurs og fasilitator for teneste- og utviklingsprosessar i heile organisasjonenha kompetanse på tenestedesign, gevinstarbeid, prosesskartlegging, prosjektarbeid, prosessleiing og digitaliseringhar ei leiande rolle i robotiseringssatsinga og skal etablere og koordinere eit internt tverrfagleg miljø for tenesteutviklingSikkerheit og beredskapFagleiar for sikkerheit og beredskap har ansvar for forvaltning og utvikling av overordna rammeverk for sikkerheit/beredskap/krisehandtering og fungerer som beredskapskoordinator for fylkeskommunedirektøren og beredskapsleiinga. Rolla samhandlar tett med inn mot IT-seksjonen (informasjonssikkerheit), kommunikasjonsseksjonen (krisekommunikasjon), HR-seksjonen (HMS) og gir støtte til heile organisasjonen innafor sikkerheit- og beredskapsarbeidet.Eirik Jenssen, fagleiar for sikkerheit og beredskap