Alle folkevalde (medlemer og varamedlemer) i Møre og Romsdal skal sende inn skjema for teleplikt.
Folkevalde skal ha kunnskap om reglane som regulerer teieplikt, jf. etiske retningsliner for folkevalde punkt 6 og 7:
6. Folkevalde som gjennom sitt verv blir kjent med opplysingar som ikkje er offentlege, jf. forvaltningslova § 13, er bundne av teieplikta. Teieplikta gjeld også etter at vervet er avslutta. Medlem som deltek i lukka møte, uavhengig av årsak til at møtet er lukka, har teieplikt på opplysningar som blir mottatt i møte i den utstrekning det føreligg lovbestemt teieplikt.
Folkevalde skal underskrive teieplikterklæring når dei tiltrer sitt fylkeskommunale verv.
7. Fortrulege opplysningar skal ikkje nyttast til eiga vinning eller skade for andre. Nødvendig kommunikasjon om opplysningar som er underlagt teieplikta må skje på ein slik måte at uvedkomande ikkje får innsyn.