Habilitet

Dersom du som folkevald er inhabil, eller er usikker på om du er inhabil i ei sak som skal opp til behandling, skal du i god tid før møtet, ta kontakt med utvalsekretariatet for å få ei juridisk vurdering, (jf. forvaltningslova § 6 og kommunelova § 11-10).

Då oppgir du ei kort grunngjeving for kvifor du ønskjer ei vurdering av din habilitet i saka.

På bakgrunn av ei vurdering og tilråding frå Juridisk avdeling, tek organet sjølv stilling til om representanten er inhabil eller ikkje.  Avgjerda blir teken med alminneleg fleirtal.

Ved eventuell inhabilitet må varamedlem bli kalla inn til møtet, jf. forvaltningslova § 8, 3. ledd.