Spørsmål og interpellasjonar
Er du fylkestingsmedlem kan du rette førespurnader til fylkesordføraren om saker som ikkje er nemnde i innkallinga. Du avgjer sjølv om førespurnaden skal stillast i form av ein interpellasjon eller eit spørsmål.
Interpellasjon
- Interpellasjonar må du melde inn skriftleg, og dei må vere hos fylkesordføraren seinast 14 dagar før fylkestingsamlinga tek til.
- Dei blir satt opp på saklista under eigne saksnummer.
- Alle medlemmar av fylkestinget og andre kan del i ordskiftet på vanleg måte.
- Framlegg som blir sette fram i samband med ordskiftet, kan fylkestinget ta opp til behandling
Spørsmål
- Har du spørsmål til fylkesordføraren, må du levere inn dette skriftleg seinast 7 dagar før fylkestingssamlinga tek til.
- Spørsmåla blir satt opp på saklista under eigne saksnummer.
- Det skal ikkje vere ordskifte i tilknyting til spørsmålet.
- Fylkesordføraren skal gje eit kort svar. Spørsmålsstillaren har høve til å stille eit tilleggsspørsmål om saka.
- Skal saka bli tatt opp til realitetsbehandling, må framgangsmåten for oppføring av ny sak på saklista bli følgd, jf. kap VIII.
Interpellasjonar og spørsmål sender du til politikk@mrfylke.no