Ungdommens fylkesting

Ungdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit ungdomspanel (UP) som sitt som arbeidsutval. 

På UFT blir ein ny versjon av UNG stemme utarbeidd og vedtatt. UP rapporterer til UFT om arbeidet sitt. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert ulike gjester som stiller med kunnskap og engasjement.  

Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.

Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.

Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Har du spørsmål kan du sende dei på e-post til ungdomspanelet@mrfylke.no 

Reglement for ungdommens fylkesting