Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet

  • koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen
  • fremme politiske saker av felles interesse
  • aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene
  • støtte tiltak som fremjar felles identitet og kultur
  • ha ei aktiv rolle i å koordinere saker relaterte til Nordsjøregionen, som har betydning for Vestlandet

 

Eit slikt utviklingsorientert, fagleg og politisk samarbeid skal styrke Vestlandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.

To satsingsområde

  • Verdiskaping og sysselsetting
  • Samferdsel og kommunikasjon

Medlemmar

Vestlandsrådet har 18 medlemmer, seks frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant medlemmane i fylkestinget.
Fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal vere medlemar av rådet. Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang blant fylkesordførarane med intervall på eitt år. 
 

Representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune 2023–2027

  • Anders Riise (H), fylkesordførar 
  • Anne Marie Fiksdal (FRP), fylkesvaraordførar
  • Geir Stenseth (FRP)
  • Randi Walderhaug Frisvoll (KRF)
  • Line Hatmosø Hoem (AP)
  • Per Ivar Lied (SP)

 

Fylkesordførar Anders Riise vil leie Vestlandsrådet i 2024.

Les meir om Vestlandsrådet

Medlemer og møteoversikt