Rådet for personar med nedsett funksjonsevne

Rådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen, og har rett til å uttale seg i saker som gjeld menneske med funksjonsnedsetting.

Fylkeskommunen skal sørge for ei brei, open og tilgjengeleg medverknad frå menneske med nedsett funksjonsevne gjennom rådet i saker som angår dei.

Medlemene i rådet blir personlege oppnemnde medlemer. Oppnemninga blir gjort av fylkestinget etter framlegg frå aktuelle organisasjonar jf forskrift om medvirkningsordninger § 3. Rådet si funksjonstid følger fylkestingvalperioden.

Reglement for rådet med personar med nedsett funksjonsevne

Medlemmar og møteoversikt