Høyring av forslag til nye skolereglar og nytt IKT-reglement

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer dei vidaregåande skolane, elevråda ved dei vidaregåande skolane, Elev- og lærlingombodet og Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal til å gi innspel til forslag til endringar i forskrift om skolereglar og endringar i IKT-reglement for dei vidaregåande skolane.

Skolereglar

Reglane handlar om forhold som er viktige for elevane sin kvardag på skolen. Dei omfattar mellom anna orden og oppførsel, bruk av mobiltelefon og anna digitalt utstyr, elevmedverknad, skolemiljø og kva som kan skje dersom reglane blir brotne. 

Endringane som er føreslått i skolereglane er i hovudsak:

  • Endringar i språket slik at reglane skal vere enklare å forstå. Forskrifta er retta direkte til eleven, i nokre tilfelle , der det er føremålstenleg er det brukt « eleven»
  • Forbod mot fysisk refs og kollektiv straff er fjerna fordi dette uansett følgjer av elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø (Prop. 57 L (2022-2023) punkt 34.2.4)
  • Forbod om å ta eller bruke bilete, film eller lydopptak av medelever eller tilsette utan samtykke er tydeliggjort i forslaget.
  • Moglegheita for delegering er fjerna fordi skolereglane skal vedtakast som forskrift der det er krav til prosess og kunngjering. Det er likevel mogleg for skolane å ha eigne skolereglar så framt dei ikkje er i strid med det overordna skolereglementet.
  • Mobilbruk: i dag er hovudregelen mobilforbod i alle undervisningstimar. Det er læraren som bestemmer kva, korleis og når utstyr skal brukast i opplæringa. Dagens reglar regulerer ikkje bruk av mobil utanfor undervisningstida i skoletida. Vi foreslår derfor at skolane får myndigheit til å fastsette lokale reglar om mobilbruk utafor undervisningstida i skoletida. Skoleutvalet og elevrådet på skolen skal behandle eventuelle reglar for bruk av mobil utanfor undervisningstida

IKT-reglement

Forslaget til IKT-reglement tar opp tema som trygg og ansvarleg bruk av digitale verktøy, personvern, informasjonstryggleik og bruk av kunstig intelligens (KI).

Vi ønskjer å få synspunkt før reglane blir vedtekne i Fylkestinget.

Vi ønskjer særleg svar på desse spørsmåla:

  • Er reglane enkle å forstå?
  • Er det reglar som verkar uklare?
  • Fungerer reglane godt for skolekvardagen?
  • Manglar det noko de meiner bør vere med, f.eks. om handlingsrommet til skolen eller ansvar?
  • Er det noko som bør endrast eller fjernast?

De står sjølvsagt fritt til å kome med andre innspel enn dei spørsmåla vi har lista opp.

Vi håpar mange engasjerer seg og bidreg med synspunkt. Målet er å få eit regelverk som er tydeleg, forståeleg og tilpassa kvardagen i den vidaregåande skolen.

Høyringsdokument

Her finn du begge høyringsdokumenta

Høyringssvar

  • Høyringsfrist: 17. desember

Trykk på knappen under for å svare på høyringa. Logg inn med BankID. Høyringssvar er offentleg informasjon og blir synlege på denne sida 5-6 arbeidsdagar etter innsending. 

Svar på høyringa

Innsendte svar