Fylkeskommunen si rolle i folkehelsearbeidet

Saman om sunne, trygge og levande lokalsamfunn.

Folkehelsearbeid er ei lovpålagt oppgåve for fylkeskommunane etter folkehelselova. Det betyr at fylkeskommunen skal fremme folkehelse innan dei oppgåver og med dei verkemidlar som fylkeskommunen er tillagt. Dette skal skje gjennom regional utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting og tiltak som kan møte folkehelseutfordringane i fylket.

Folkehelse viktig for ei god samfunnsutvikling

Folkehelsearbeid handlar om å skape gode miljø som fremmar innbyggjaranes helse, trivsel og livskvalitet. Det handlar om å ha ein heim du trivest i, moglegheita til å få ei utdanning, ha ein jobb å gå til. Det handlar om å føle at du høyrer til, har eit sosialt nettverk og at du meistrar livets opp- og nedturar. Oppvekstvilkår, utdanning, inntekt, bustad, arbeid, arbeidsmiljø og sosial støtte har derfor betydning for innbyggjaranes helse generelt og for ulikskap i helse.

I høve kommunar og samarbeidspartnarar er våre oppgåver mellom anna:

  • Være pådrivar for, og samordne, folkehelsearbeidet i fylket
  • Presentere oversikt og analyse av helsesituasjonen og påverkingsfaktorar
  • Formidle og stimulere til kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
  • Rettleie kommunar og andre samarbeidsaktørar i folkehelsearbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune legg FN sine berekraftsmål som premiss for utviklinga i fylket. Berekraftig utvikling er eit overordna mål for samfunnsutviklinga både lokalt, nasjonalt og globalt. Å jobbe for meir rettferdige og inkluderande samfunn er avgjerande for å nå berekraftsmåla. Ei befolkning med god helse og livskvalitet er samfunnet sin viktigaste kapital.