ABC for god psykisk helse

ABC for god psykisk helse er ein nasjonal folkehelsekampanje som handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga.

Kva er ABC?

ABC for god psykisk helse bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til norsk blir det å gjere noko aktivt, saman og meiningsfullt – tre enkle grep som forsking har vist at har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Dette er kjernen i ABC-modellen.

Målet med ABC er todelt:

  • At fleire skal høyre om ABC – og forstå kva som kan styrke den psykiske helsa vår
  • At fleire skal gjere ABC – og ta grep i kvardagen som fremmer trivsel og meistring

Kampanjen skal bidra til at kunnskap blir til handling og at moglegheitene for helsefremmande aktivitetar blir synleggjort og styrka – både regionalt og lokalt.

ABC-aktivitetar i Møre og Romsdal

ABC oktober

I oktober oppmodar fylkeskommunen til å sette ekstra søkelys på ABC for god psykisk helse i fylket vårt.

Målet er at alle i heile fylket skal kjenne til dei tre omgrepa i ABC for god psykisk helse, og at psykisk helsefremjande aktivitetar blir synleggjorde lokalt. Du kan gjere ein forskjell i din eigen kvardag og for andre.

ABC-oktober er ein heil månad med uante moglegheiter til å finne på gode aktivitetar, samle folk, arrangere noko som gjer at du når ut til folk med ABC-bodskapen, og faktisk gjer noko saman. Dette kan skje på fritida, på jobb, på skulen, på kommunenivå eller i ein frivillig organisasjon. Det kan vere små aktivitetar som å invitere nokon på ein kaffikopp eller ein gåtur, eller større tiltak som treff, temakveldar og liknande. Involver andre, og arranger noko saman med andre i kommunen, for andre!

Vi har foreslått ei oppdeling gjennom vekene i oktober. Det er ikkje nødvendig å ta omsyn til dette, men det kan vere eit utgangspunkt for å søkje samarbeid med andre aktørar og arrangere noko saman med dei akkurat den veka. Det viktigaste er at det skjer noko, så gjer det du vil, når du vil.

Forslag til målgrupper dei ulike vekene i oktober:

  • Veke 40/41: Alle (Verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober)
  • Veke 42: Barn og unge
  • Veke 43: Seniorar
  • Veke 44: Minoritetar

Finn på noko som er bra både for deg sjølv og for andre i ABC-oktober! 

Her finn du materiell du kan bruke til ABC oktober

Pilotprosjekt i Møre og Romsdal

Hausten 2025 ga fylkeskommunen støtte til fem pilotar som vil prøve ut metodar for å informere om (HØYRE) og forankre og prøve ut (GJERE) ABC i sitt arbeid.  Dei skal bidra til å sette søkelys på verdien av ABC i frivillig sektor.

Pilotane skal utforske korleis ABC kan bli ein naturleg del av det dei allereie gjer – og finne gode måtar å synleggjere og styrke psykisk helsefremmande aktivitet i kvardagen. Vi ønsker ei meir systematisk utprøving av både informasjon og aktivitet i tråd med ABC-modellen.

Vi hadde søkelys på frivillig sektor i ordninga fordi frivillige allereie bidreg sterkt til ABC-arbeidet, og vi ønskte å styrkje og vidareutvikle denne innsatsen

Kampanjemateriale frå Møre og Romsdal

Vi har laga to filmar som viser enkle grep du sjølv kan gjere for å styrke den psykiske helsa. Filmane er laga med støtte frå Helsedirektoratet for kampanjen ABC for god pyskisk helse.

Meir om ABC

Trøndelag fylkeskommune har vore nasjonal pilot for ABC i Noreg og den norske modellen bygger vidare på erfaringane dei har gjort. Dette kan du lese meir om på abcforgodpsykiskhelse.no

I 2025 vart kampanjen rulla ut nasjonalt, med Helsedirektoratet som ansvarleg for det nasjonale informasjonsarbeidet. Samtidig har fylkeskommunane fått ei sentral rolle i å tilrettelegge innsatsen lokalt og regionalt.

Målgruppa for innsatsen vår er kommunane, frivillige organisasjonar og andre aktørar fylkeskommunen samarbeider med. Den endelege målgruppa er heile befolkninga, med god ivaretaking av barn og unge, eldre og minoritetsgrupper. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt 1,6 millionar kroner frå Helsedirektoratet og har sett av 1 million kroner til ei eiga tilskotsordning for å støtte pilotprosjekt som vil prøve ut ABC i praksis.

Du kan lese meir på nettsida til Helsedirektoratet.