Folkehelseprogrammet er ei tiårig satsing for utvikle kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Satsinga skal bidra til å styrke kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid.
Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema. Det skal leggast vekt på kunnskapsbasert utvikling og spreiing av tiltak mellom anna for å styrke barn og unge sin tryggleik, meistring og bruk av eigne ressursar. Satsinga skal søke å hindre utanforskap ved å fremme tilhøyrsle, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet.
På nettsidene til Helsedirektoratet finn du meir informasjon om folkehelseprogrammet
Frå utanforskap til innanforskap
Møre og Romsdal er programfylke med satsinga «Frå utanforskap til innanforskap med program for folkehelsearbeid i Møre og Romsdal 2019–2024». Prosjektet går no inn i ei siste fase med tildelinga av midlar. Vi har innvilga støtte til tre nye prosjekt, samt ei vidare utvikling av Ålesund kommune og prosjektet Livet&Sånn. Dei nye kommunane som har fått innvilga støtte er Herøy, Ulstein og Haram kommune.
Hovudmåla for satsinga i Møre og Romsdal
- Barn og unge i Møre og Romsdal skal oppleve innanforskap gjennom å vere del av eit fellesskap, ha positive relasjonar til vaksne, jamgamle og yngre. Gjennom dette vert risikoen for rusproblematikk redusert og ein fremmer god psykisk helse for barn og unge
- Barn og unge skal ha høve til medverknad i sin kvardag og på dei arenaer dei deltek
- Programmet skal medverke til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak, arbeidsmetodar og verktøy for å fremme innanforskap. Dette gjer at kommunane i Møre og Romsdal aukar sin kapasitet og kompetanse til å drive eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid kring temaet
Tiltak i Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal til no
Pågåande
- Rauma kommune i samarbeid med Rauma videregående skole – Vi ser og vi inkluderer
- Tingvoll kommune – Den ungdomsvennlige bygda
- Ålesund kommune – Livet&Sånn
- Molde kommune - Kunst og kulturaktive barn og unge – for inkludering, fellesskap og mestring
Nye frå 2024
- Ulstein kommune – ungdomsstyrt treffstad
- Herøy kommune – Inkludering og meistring
- Haram kommune – Camp Nordøyane
Tidlegare avslutta prosjekt:
- Vanylven kommune – Organisering av teneste retta mot barn, unge og familier
- Gjemnes kommune – Inkluderende skolehverdag
Meir informasjon om prosjekta våre, og heile landet, finn du på forebygging.no.