Avtalen er forankra politisk og byggjer på God Helse-partnarskapet frå 2004 til 2019.
Formålet med avtalen er å sikre ei god samordning av folkehelsearbeidet i fylket og følge opp måla i den nasjonale, regionale og lokale folkehelsepolitikken. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar.
Fylkeskommunen tildeler eit årleg tilskot på bakgrunn av politiske prioriteringar, og kommunane bidreg meg tilsvarande midlar for å følge opp eigne prioriterte arbeidsområde for å møte folkehelseutfordringane.