Den lokale forskrifta tar utgangspunkt i Opplæringslova og opplæringsforskrifta og gir føringar for formidling til læreplass og inntak til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.
Den nye forskrifta skal behandlast i fylkestinget i desember 2024 og vil gjelde frå og med inntaket til skoleåret 2025/2026.
Kva ønsker vi innspel på?
Vi ønsker innspel på forslag til forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av læreplassar, Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det er lagt ved eit tilleggsdokument som er knytt til § 10 i forslaget, som det også kan gis innspel på.
Dokument
Høyringsforslag til forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av læreplassar (PDF, 128 kB)
Dokument med tilleggsinformasjon og innspel (PDF, 171 kB)
Send inn innspel
Eventuelle merknader til forslaget sender de til Møre og Romsdal fylkeskommune,
på e-post post@mrfylke.no, innan 10. oktober 2024.
Merk sendinga med «Saksnummer 24/32970»