Høyring Ny skole- og tilbodstruktur 2026-2040

Fylkeskommunedirektøren inviterer til høyring på Ny skole- og tilbodsstruktur 2026-2040. Høyringsfristen er 1. september 2025.

Høyringsdokumentet er ei utgreiing med forslag til ein ny skole- og tilbodsstruktur, ikkje ei innstilling i saka. Fylkeskommunedirektøren kjem først med innstilling etter at alle høyringssvar er komne inn og behandla. Innstillinga vil vere klar i oktober/november 2025, når saka går til behandling i råd og utval. Saka skal til sluttbehandling i fylkestinget i desember 2025.

Her finn du alle høyringssvara

Merk: høyringssvar blir synlege 5-6 arbeidsdagar etter at det var sendt inn.