Fylkeskommunen viser til endring i opplæringslova § 152 første ledd, som pålegg fylkeskommunen å fastsette i forskrift kva skriftspråk – nynorsk eller bokmål – som skal vere hovudmål ved kvar vidaregåande skole. Det fastsette hovudmålet skal nyttast i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevar og føresette. Endringa trer i kraft 1. august 2026.
Høyringsbrev blir sendt direkte til høyringsinstansar.
Høyringsinstansar
Vi inviterer følgande instansar til å svare på høryingar
- Vidaregåande skole
- Nettskolen i Møre og Romsdal
- Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal
- Fagorganisasjon i Møre og Romsdal
- Nynorsksenteret
Høyringsfrist: 27. mars 2026
Klikk her for å gi høyringssvar