Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune legg no fram eit utkast til retningslinjer for regionale kulturfond, på høyring. Saka vart behandla i utvalet måndag 5. mai, i sak 41/25.
Formålet med dei regionale kulturfonda er å bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket. Tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit, og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Dei regionale kulturfonda er ei ny tilskotsordning som er forankra i regjeringa si politiske plattform, Hurdalsplattformen. Ordninga er finansiert over statsbudsjettet og skal forvaltast av fylkeskommunane. I 2025 er det satt av 75 millionar kroner til ordninga. Møre og Romsdal er tildelt 4,1 millionar kroner.
I vårt utkast foreslår vi å dele regionale kulturfond opp i to tilskotsordningar for Møre og Romsdal:
- Tilskot til arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging
- Tilskot til kunst- og kulturutvikling
Kor lang er høyringsperioden?
Høyringa opner tysdag 6. mai og er open for innspill i seks veker. Høyringsfrist er tysdag 17. juni.
Send inn ditt innspel
Korleis har vi laga utkastet til retningslinjene?
Vårt forslag til retningslinjer er bygga på kultur- og likestillingsdepartementet sitt høyringsnotat til forskrift til regionale kulturfond. Følg denne lenka for å lese heile forskrifta frå departementet.
I arbeidet med retningslinjene er det lagt sterk vekt på innspel som kom fram i ein digital verkstad, som vart gjennomført 6. februar 2025. Her deltok kommunar og representantar frå eit breitt spekter av kulturaktørar frå ulike institusjonar, verksemder og organisasjonar. Her vart ulike behov løfta fram, og i tillegg fekk fylkeskommunen ei rekke gode innspel til retningslinjene.
No vil vi ha dine innspel!
Vi ønsker å høyre dine tankar om korleis vi kan utforme ordninga for at den skal treffe kulturfeltet på best mogleg måte. Dine innspel er avgjerande for å sikre at dei regionale kulturfonda blir gode tilskotsordningar som kan bidra til å styrke og utvikle kulturlivet i fylket. For eksempel vil vi gjerne få innspel på om du opplever at:
- våre retningslinjer svarar ut forskrifta?
- dei to tilskuddsordningene kan oppnå formålet?
- om summane som er lagt til dei ulike ordningene er tilstrekkelege?
Du kan også komme med andre innspel. Vi ser fram til dine innspel og takkar for ditt engasjement i utviklinga av kulturlivet i Møre og Romsdal.
Send inn ditt innspel