Planprosess
Planprosessen følgjer plan- og bygningslova, og er ein tidkrevjande prosess med mange steg. Prosessen skal sikre at vi får fram konsekvensane av planen, både positive og negative, og at dei som blir omfatta av planen får moglegheit til å seie si meining.
Bakgrunn og føremål
Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med Herøy kommune om å utarbeide ein områdeplan som skal leggje til rette for ei ny kryssing over Nørdre Vaulen. Den eksisterande Remøybrua (brunr. 15-0788), som blei opna i 1966, er no i dårleg stand med alvorlege skadar i berekonstruksjonen. Brua har berre eitt køyrefelt noko som gjer ho til ein flaskehals i vegnettet. Planen har som mål å erstatte den gamle brua med ei ny, moderne kryssing som sikrar trygg og effektiv transport for både køyretøy og mjuke trafikantar.
Planområde
Områdeplanen omfattar området rundt dagens bru, inkludert Remøyholmen og Remøya på kvar side av Nørdre Vaulen. Området inkluderer mellom anna landbruksareal, naust, bustadområde, og den eksisterande brua. Sundet er ein del av farledsystemet på Sunnmøre, med ei seglingsbreidde på om lag 35 meter og ei seglingshøgde på 17 meter.
PlanområdeUndersøkingar
I samband med detaljområdeplanen vil det bli utført forundersøkingar, mellom anna grunnboringar og kartlegging av naturmangfald. Varsel om dette vil bli gitt i forkant.
Framdrift og innspel
Planforslaget skal vere klart for offentleg ettersyn vinteren 2027, med mål om godkjenning første halvår 2028. For spørsmål om prosjektet, kontakt:
Møre og Romsdal fylkeskommune:
• Ragnhild Holen Relling, prosjektleiar, tlf. 478 92170 ragnhild.holen.relling@mrfylke.no
• Anna Myrstad Strand, teamleiar plan, eigedom og geodata, tlf. 712 80 474/928 08 150, anna.myrstad.strand@mrfylke.no
Herøy kommune:
• Ole Magne Rotevatn - ole.magne.rotevatn@heroy.kommune.no
Vi ber om at eventuelle innspel til planarbeidet blir sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune, Julsundvegen 9, 6412 Molde, eller post@mrfylke.no
innan 03.12.2024.
NB: Merk brevet eller e-posten med saksnummer: 23/49450
Vi gjer merksam på at det ikkje blir sendt direkte svar til den som sender innspel til oppstartsvarselet. Alle innspel vil bli vurderte og kommenterte i planforslaget som blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Folkemøte
Det vil bli arrangert lokalt folkemøte tysdag 12. november kl. 19.00 på Remøy og Sævik bedehus. Informasjon om dette vil bli lagt ut på heimesidene til kommunen og på prosjektsida til fylkeskommunen.
Plandokument