BSI_4Women - Entreprenørskapsstøtte for kvinnelege flyktningar

I BSI_4Women skal offentlege aktørar og bedriftssøttetenester arbeide saman for å hjelpe kvinnelege flyktingar med å starte eigne bedrifter. 

Det er viktig for flyktingar å delta i arbeidslivet for å kunne bygge nye og gode liv. Deltaking i arbeidslivet har også stor innverknad på både trivsel og helse.

Prosjektet skal skape eit entreprenørskapsmiljø som er venleg ovanfor kvinnelege entreprenørar som har flykta frå Ukraina, men også kvinner frå andre land i liknande situasjonar. Dette skal skje ved å justere og tilpasse støttesystema våre for entreprenørar, noko som skal sikre flyktingane moglegheiter til tilgjengeleg og langsiktig støtte viss dei ønsker å etablere eigne bedrifter.  

Prosjektperioden er frå 2023 til 2025 og med eit totalbudsjett på 2,1M euro. Vårt budsjett er på 355 005 euro, der halvparten (177 502 euro) blir dekt gjennom EU-programmet Interreg Baltic Sea Region.

Les meir om prosjektet på EU sine nettsider