CircleBIM_ProsjektlogoProsjektet har 11 partnarar frå Tyskland, Belgia, Nederland, Frankrike, Danmark, Sverige og Noreg.
Møre og Romsdal fylkeskommune deltek som pilotpartner med fokus på digitalisering av fem vidaregåande skolar – Hustadvika, Molde, Stranda, Fagerlia og Herøy – med eit samla areal på ca. 49 000 m². Piloten skal etablere ein oppdatert BIM-database med informasjon om byggenes tilstand, system og komponentar. Dette gir betre grunnlag for drift, vedlikehald og langsiktig planlegging, og legg til rette for gjenbruk av materialar i framtidige prosjekt.
Gjennom piloten vil fylkeskommunen redusere kostnader, styrke berekraft og bidra til ein meir sirkulær økonomi i offentleg byggforvaltning.
Prosjektperioden er 2024 – 2027. Det totale budsjettet for prosjektet er 4,56 millionar euro.