CircleBIM - effektivitet og berekraft i byggeprosjekt

Målet med CircleBIM-prosjektet er å drive innovasjon innan offentleg planlegging og bygging ved å styrke integreringa av sirkularitet og Building Information Management (BIM)-prosessar.

CircleBIM_Prosjektlogo

Prosjektet har som mål å betre effektiviteten og berekrafta i byggeprosjekt på tvers av regionar i Nordsjøområdet, og støtte lokale styresmakter i å ta i bruk prinsippa for sirkulær bygging. Prosjektet har 11 partnarar frå Tyskland, Belgia, Nederland, Frankrike, Danmark, Sverige og Norge. 

Det skal utviklast 6 pilotar i prosjektet. Desse skal blant anna teste bruken av BIM for å innovere og optimalisere sirkulære byggeprosessar, inkludert renovering av kulturminnebygg, omforming av byområde, oppretting av regionale materialdatabasar og bygging av berekraftige bygg med resirkulerte materialar.  

Møre og Romsdal fylkeskommune er med i prosjektet for å lære og dele god praksis innan Building Information Management (BIM) for å fremme sirkulær bygging i regionen. Med eit budsjett på 85 000 euro bidreg Møre og Romsdal til å lære frå pilotprosjekta, dele beste praksis og fremje prinsippa for sirkulær bygging blant lokale interessentar. Fylkeskommunen bidreg i prosjektet med kompetanse innan digital infrastruktur og interkommunalt samarbeid. Prosjektperioden er 2024 – 2027. Det totale budsjettet for prosjektet er 4,56 millionar euro.