
Dei digitale tvillingane i prosjektet skal bli 4D-modellar av byar frå ulike land og skal visualisere ulike klimarelaterte scenario, som flaum og ras, og konsekvensane desse kan få. Visualiseringane kan betre forståinga av dei praktiske konsekvensane knytt til klimaendringane og gi betre oversikt til innbyggarar, industri, næringsliv, politikarar og forskarar.
CREST-prosjektet høyrer til EU-programmet JPI Urban Europe og har sju prosjektpartnarar fordelt på Noreg, Polen og Frankrike. Prosjektperioden er frå april 2022 til april 2025, og med eit totalbudsjett på 1 150 079 euro. Vårt budsjett er på 99 000 euro.
Her kan du lese meir om CREST-prosjektet
Les om digital tvilling (snl.no)